Voss sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Voss sogelag i Voss herad vart skipa i 1908. Laget gjev ut årboka Gamalt frå Voss, held møte med lokalhistoriske føredrag og skipar til studieturar/omvisingar med lokalhistoriske emne. Sogelaget samarbeider med Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

I 2019 hadde laget 99 medlemmer.

Leiarar

  • Arnfinn Finne 1908-1916
  • Ludv. Bru 1916-1921
  • Olaf Olsen 1921-1922
  • Lars Kindem 1922-1934
  • Nils Grønlien 1934-1940
  • Andreas Leiro 1940-1949
  • Sigurd Eskeland 1949-1972
  • Lars Nesheim Hovda 1972-1980-åra
  • Reidar Ringheim 1996-2004
  • Guro Dagestad 2004-2008
  • Knut Farestveit 2008

Andre sentrale personar

Arnfinn Finne samla mykje tradisjonsstoff og skreiv mange lokalhistoriske artiklar. Olaf Olsen skreiv bygdebøker og mange lokalhistoriske artiklar. Ludv. Bru skreiv skulesoge for Voss. Lars Kindem skreiv gards- og ættesoge for Voss, og stod i brodden for å skipa Voss folkemuseum. Aslak T. Helleve har skrive ein viktig artikkel om soga til Voss sogelag. Eirik Helleve er redaktør for årboka "Gamalt frå Voss" og for "Vossabygdene" som er innbundne bøker av Voss sogelag sine årshefte frå 1910 til 1955.

Hovudaktivitetar/publikasjonar

Arbeid med årboka "Gamalt frå Voss" og utgjeving av dei lokalhistoriske årshefta "Vossabygdene" som innbundne bøker. Lokalhistoriseke vandringar og studieturar med omvisar. Representasjon i styra i lokalhistoriske særlag. Fast omvising i krigsmuseet på Klyve på Voss kvar haust.

Liten aktivitet i 1980-åra og byrjinga av 1990-åra.

Publikasjonar

Hefta "Vossabygdene" frå 1910 til 1955, no som innbundne bøker i fem band. Årboka "Gamalt frå Voss" saman med Voss bygdeboknemnd og Voss folkemuseum. Det vert arbeid med å byggja opp biletsamlingar på nett.

Arrangement

1991: Tilskiping av Det vestlandske historikarmøtet. 2008: Voss sogelag sitt 100-årsjubileum. 2011: Medtilskiping av Hordaland sogelag sitt 25 årsjubileum. 2018: Voss sogelag sitt 110-årsjubileum.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).


Eksterne lenkjer