Toppseglskonnert

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. des. 2022 kl. 22:44 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «{{nbnn}}» til «(nynorsk/bokmål)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.

Ein toppseglskonnert (nynorsk/bokmål) eller ein toppseilskonnert (bokmål) er ei hovudsakleg sneiseglrigga seglskute med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.