Tore Ørjasæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tore Ørjasæter (fødd i Bråtå i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer fylkessjukehus 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og eit par essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet utanfor Skjåk, var han tett knytt til bygda. Heimegrenda og oppveksten har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, kunstnarens fridom og det medmenneskelege ansvaret.

Barndom, oppvekst og skulegang

Tore Ørjasæter var fødd på garden Slette i Bråtågrenda i 1886. Faren, Hans Magnus Ørjasæter, var lærar og hadde gardsbruket attåt. Han var vestlending, frå Geiranger, men var ikkje «vestlandslærar» i den klisjemessige meininga som har danna seg om denne typen som radikal venstre- og norskdomsmann. Hans Magnus Ørjasæter tilhøyrde tvert i mot høgrefløya i lokal- og rikspolitikk, i krinsen rundt kyrkjesongar Ole Lund. Både Lund og Hans Magnus Ørjasæter var blant dei kristenkonservative underskrivarane av Gisle Johnsons «Opraab til Christendommens Venner i vort Land» frå 1883, som var ei sterk åtvaring mot venstrekreftene. Ørjasæter, kyrkjesongar Lund og deira fløy stod sterkt mot det framstormande venstrepartiet i Skjåk frå 1880-åra av under leiing av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen på Hyrve

Mor til Tore, Rønnaug Toresdotter Slette, hadde nær tilknyting til det haugianske lesarmiljøet i Bråtå. Ho døydde i barnefødsel i 1888, da Tore var berre to år gammal. Faren gifta seg opp att i 1890 med Guro Jakopsdotter Storlien frå Skjåk Tore hadde fire sysken og 10 halvsysken.

Tore vart sjuk i ungdomen, noko som hindra han i å ta over garden, slik han hadde hatt høve og hug til. Han budde heime til i tjueårsalderen, da han kom på folkehøgskulen til Lars EskelandVoss vinteren 1905-1906. Han hospiterte hjå Eskeland også året etter. Da vart han også personleg kjend med Arne Garborg, som han besøkte på Knudaheio, og som han mellom anna hjelpte med noko grøftingsarbeid.

I 1911-1912 gjekk Ørjasæter eit år på lærarskulen i Volda, men fullførte ikkje lærarutdanninga. Han hadde debutert med ei diktsamling allereie i 1908, og vigde seg snart fullt og heilt til den litterære verksemda.