Jødedom
Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund).
Høgtider og merkedagar
Sjabbát
Bibelske høgtider og merkedagar
Etterbibelske høgtider og merkedagar
Kulturelle retningar
Gresk og italiensk jødedom
Sefardisk jødedom
Asjkenazisk jødedom
Andre retningar
Politiske retningar
Ortodoks jødedom
Masorti (konservativ) og rekonstruksjonistisk jødedom
Rekonstruksjonistisk jødedom
Reformjødedom
Andre retningar