Theodorus Bernhardus Nicoll
Hopp til navigering
Hopp til søk
Theodorus Bernhardus Nicoll (født i Brønnøysund 1741, død på Lepsøy 21. juni 1817) tok teologisk embetseksamen i København i 1764 og var prest i Haram i 30 år, frå 1783 til 1813.
Th. B. Nicoll var son av Margrete Bergmann og oberstløytnant Philip Nicoll, seinare eigar av Gravdal gard i Laksevåg. Sonen P. W Nicoll etterfølgde han i embetet.
Kjelder
- Theodorus Bernhardus Nicoll i folketelling 1801 for Haram prestegjeld fra Digitalarkivet.