Kirkwall
Kirkwall er den største byen og administrasjonssenteret på Orknøyane. Øygruppa er no ein del av Skottland, men byen vart grunnlagd medan dei var del av Noregsveldet. Fyrste gongen han er nemnd er i 1046, då jarlen Ragnvald Bruseson budde der. I 1397 vart øyane pansett til den skotske kongen, og i 1486 gjorde kong Jakob III av Skottland Kirkwall til en royal burgh. Som katedralby har staden òg status som city.
Det eldste namnet på byen var Kirkjuvagr, det vil seie 'kyrkjebukta'. Seinare vart dette forvanska til Kirkvoe, Kirkwaa og til slutt til Kirkwall. Kyrkja det visast til er den eldste på staden, ei kyrkje frå 1000-talet via til Olav den heilage. Denne kyrkja finst ikkje lenger, men ein liten del frå ho – eit skåp som vart nytta til å lagre dei heilage oljane – står i de episkopale Saint Olaf's Church som er frå slutten av 1800-talet.
St. Magnuskatedralen i Kirkwall vart grunnlagt i 1137 av Ragnvald Orknøyjarl til minne om hans onkel Magnus Orknøyjarl, og stod ferdig i 1450. Både Ragnvald og Magnus reknast som helgenar. Domkyrkja er ein av berre tre norske domkyrkjer frå mellomalderen som framleis er i bruk; dei andre to er Stavanger domkyrkja og Nidarosdomen. Bispesetet vart flytta til Kirkwall i 1130-åra, og låg frå 1154 til 1472 under Nidaros erkebispedøme.
I museet Tankerness House Museum er det ei utstilling som mellom anna tar for seg arven frå vikingtida. Det finst også kulturminne frå ei eldre kultur i området, piktarane.
På 1800-talet var området kring Kirkwall ein av stadene der ein prøvde å få i gang reindrift i Skottland.