John Andersson Haugen
Hopp til navigering
Hopp til søk
John Andersson Haugen (fødd 27. mars 1819, død 22. juli 1889) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen frå Haugen og Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid.
John gifte seg i 1845 med Anna Marie Larsdotter (1819-1901) frå Kreken. Dei var fyrst innerstfolk på Baggetun under Haugen før John 4. juni 1855 fekk skøyte på Flatejordsøyane som var utskild frå Haugen i 1853. John vart buande her levetida ut medan Anna Marie utvandra til Amerika i 1893 og budde dei siste leveåra hjå sønene sine der.
John Haugen var ordførar i Jostedalen ein kort periode i 1862 slik far hans hadde vore i 1850.
John og Anna Marie fekk i alt fem born, og fire av dei voks opp.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 759. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |