Anders Andersson Haugen (1786–1869)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Anders Andersson Haugen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Andersson Haugen (døypt 3. september 1786, død 27. desember 1869) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Paulson Haugen frå Li og Agatha Andersdotter frå Haugen.

Anders gifte seg 26. oktober 1808 med Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid. Anders fekk skøyte på garden alt i 1789 i skifteoppgjeret etter far sin, og han og Mari tok over drifta då dei gifte seg i 1808. Dei vart buande som kårfolk på Haugen etter at dei let over garden til sonen Anders i 1836.

Anders Andersson Haugen var ei tid med i formannskapet i Jostedalen, og i 1850 representerte han Jostedal formannskap som setjeordførar på møtet i amtsformannskapet. Bakgrunnen var at ordføraren, sokneprest Christian Bastholm Heltberg, var oppteken med bispevisitasen 4. august.[1] (Det var truleg denne Anders Haugen som var setjeordførar, men kan òg ha vore eldstesonen Anders.)

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Anders og Mari fekk i alt ti born, og desse voks opp:

Notar

  1. Møtebok for Jostedal formannskap 1838-1875, fol. 59A-60B

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 754. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer