Nord. Biletet er teke med utsikt frå aust mot vest. Frå venstre: Nåverande våningshus (bygt 1937), gammalt våningshus, stabbur, fjøs, moderne driftsbygning. Foto: Hans P. Hosar 2012.
Alt. navn:
Nord. Nordi Lund. Lund Nørdre Øvre.
Sokn:
Skjåk
Fylke:
Oppland
Kommune:
Skjåk
Gnr.:
27/2 og 28/1.
Areal:
1080 dekar, derav 136 dekar fulldyrka, 794 dekar skog fordelt nokså jamt på låg, middels og høg bonitet.
Type:
Familiebruk. Mjølk, kjøt, høy og korn.
Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to samanslegne nabobruk (Nord og Øvre) i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard. Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer.