Grip kyrkje
Grip kyrkje | |
---|---|
Foto: | mb.21 |
Endringar: | 1621 1870-åra 1933 |
Kyrkjegard: | ved Bremsnes kyrkje |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Ytre Nordmøre |
Prestegjeld: | Kristiansund |
Fellesråd: | Kristiansund |
Sokn: | Kirklandet |
Teknikk: | stavverk |
Materiale: | tre |
Altartavle: | Triptych frå Utrecht, 1515 |
Sitteplassar: | ca. 80 |
Koordinater: 63°13′11.06″ N 7°35′38.11″ Ø
Grip kyrkje (trad. uttale Gripkjerkjå ["gɾi:pˌçerʰçɔ.], Mal:D Gripkjerkjånn ["gɾi:pˌçerʰçɔɲ.]), ofte omtala som Grip stavkyrkje, er ei stavkyrkje på fiskeværet Grip i Kristiansund kommune på Nordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. Sidan 1967 har ho vore annekskyrkje til Kirklandet. Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. På grunn av manglande jordsmonn på Grip var det ikkje kyrkjegard der, og alle gravferder gikk over ope hav til kyrkjegarden ved Bremsnes kyrkje. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht i Nederland frå ca. 1515 med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.
Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.