Forbergvegen
Forbergvegen i Bø i Telemark tar av nordover frå Seljordvegen ved Glenna og går vestover innunder Forbergåsen til Forberg nordre. Der dreier den sørover og går tilbake til Seljordvegen.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Forbergvegen-1.jpg&width=400)
Forbergvegen sett østover ved Forberg nordre.
Foto: Roy Olsen (2016).
Vegen har namn etter staden og blei namnsett i 1988. Han er 2,7 km lang og for det meste utan fast dekke. Det ligg mange gardar til vegen som går i jordbrukslandskap.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no