Tandseterstugu
Tandseterstugu er ei tømrastugu frå Tandsetre. Ho stod i ei lykkje litt nord for garden, og skulle rivast i 1981. Lesjaskog Bygdesamling fekk ho som gåve, tok ho ned og flytte ho til Lisser litt vest for Lesjaskog kyrkje. Der vart ho oppsett i 1985-86, og i vestre enden vart Skulemuseet i Lisser etablert. I den midtre delen av stugu er det møterom med skorstein og og rosemåla tak utført av Ragnvald Einbu frå ein av hotellbygningane i Mølmen. I den austelege delen er det inngang og eit lite kjøken / kontor til bruk ved arrangement.
Stugu skal vere frå 1700-talet.
Kjelder
- Mølmshaug, Sigrun 1991: Tandseterstugu - skulemuseet på Lisser. i Årsskrift for Lesja historielag side 13-16.