Tresfjord kyrkje
Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkje på Sylte innerst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i kommunen. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Tresfjord kyrkje blei restauret til 100-årsminne i 1927-1929. Ho blei igjen grundig reparert og restarert i 2006-2007, etter at ho ein periode måtte støttas opp med wire. Kyrkja har ein rik dekorering og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.