Geir Morten Brungot
Geir Morten Brungot, fødd i Fosnavåg i 1962, er ein fotokunstnar med base i Sykkylven. Han hadde frå unge år fotografering som hobby og kom tidleg med i miljøet rundt Sykkylven Kamera klubb som han skipa samman med Arild Solberg. Han viste raskt vilje til å gå sine eigne vegar. Der andre tok bilete av naturidyllar fanga han heller opp spor som menneska hadde sett i naturen. Avgjerande for den kunstnarlege utviklinga til Brungot vart møtet med kunstfotografen Lewis Baltz. Dei to møttest under ein workshop i Lofoten i 1985, der Lewis Baltz var rettleiar. Baltz kom til å opne opp for ein ny måte å forhalde seg til fotografiet på.
Kunstformidlaren Olav Løkke omtala i ein artikkel i Årbok for Sykkylven (2000) verknadene av møtet med Baltz slik: "Geir Brungot fulgte Lewiz Baltz tett i den knappe uken workshopen varte, og de to fikk et svært godt forhold. Man kan se at bildene herfra er sterkt påvirket av Baltz, men allerede her kan man se noe av det som senere ble Geir Brungots varemerke, den lille detaljen i bildet som forrykker balansen. Og der Baltz er kjølig registrerende, er Brungots bilder mer naive, mer nysgjerrige og mer personlig engasjert. Disse bildene fra Lofoten ble senere supplert med bilder fra Brungots nærdistrikt, og satt sammen til en utstilling med tittelen "Manscape". Denne utstillinga ble vist flere steder i Norge, blant annet i Preus Fotomuseum i Horten. I 1995 ble bilder fra "Manscape" satt sammen med samtidige bilder av Lewis Baltz fra hans utstilling "Continous Fire Polar Circle", og ble vist flere steder, blant annet i Fotogalleriet i Oslo, noe som resulterte i innkjøp til Museet for Samtidskunst av to av Brungots fotografier."
I åra etter "Manscape" arbeidde Brungot med mange nye prosjekt. Prosjekta hadde fleire namn, nokre vart enkeltbilete, nokre vart seriar som ikkje blei viste, andre danna grunnlaget for seinare utstillingar.
Kort tid etter at bileta til "Manscape" var ferdige, døydde dottera hans av hjartefeil, og bileta fekk no ein annan klang. Mange av bileta inneheldt religiøse symbol, også symbol for døden, direkte vist med "Anna og Barnet". Dette er tema som har følgt Brungot heilt til det siste, men etter kvart har døden fått eit meir forsonleg skjer, som ein møtestad der alle sine liv skal summerast opp.
Geir Morten Brungot er i kontinuerleg utvikling som fotokunstnar, men det er likevel råd å finne ein raud tråd i arbeida hans; viljen til å utforske spora som menneska har sett i naturen. Han er ingen estetikar som først og fremst søkjer dei vakre motiva, han søkjer helst etter motiv der andre styrer unna, på avfallsplassar, tome campingplassar, i vegkryss og i kalde byggfasadar. Gjennom nye vinklingar på kvardagslege motiv fortel han historier om bruk- og kastsamfunnet og om menneskeleg isolasjon. Men han finn også glede i å vise fram uventa harmoniar og former. Han fangar inn den mjuke krumminga i eit betongrør, himmelen i ein glasvegg og menneskelivet i ein utgått skosåle. Han gjev oss spegelbilete av oss sjølve som appelerer til ettertanken og kanskje kan skape grunnlag for handling.
Geir Morten Brungot operer med fleire forskjellige format, i tillegg til tradisjonelle fotografiutstillingar har han også produsert installasjonar og videoar. Saman med sin ektefelle frå 2007, dansaren Zdenka Brungot Svíteková, har han også eksperimentert med ulike performanceaktivitetar.
Sidan 1992 har Geir Morten Brungot hatt verkstad i Elvetunbygget på Vik i Sykkylven. Her har han hatt eit fellesskap med metallkunstnaren Kjell Gunnar Overøye og tekstilkunstnaren Marit Akslen. Saman med Zdenka Svíteková utgjer dei kunstnarkollektivet Kompressor som dei siste åra har hatt fleire utstillingar og arrangement i Galleri Elvetun.
Utstillinger
Representert
- Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo
- Preus Museum, Horten
- Museet for Fotokunst, Odense, Danmark
- Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
- Trondheim Kunstmuseum
- Nord Norsk Kunstmuseum, Tromsø
- Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
- Kunstmuseet Kube, Ålesund
- Vestjyllands Kunstmuseum, Tistrup, Danmark
- Norsk Kulturråd
- Morten Viskum´s Samling, Vestfossen
- Olav Løkkes samling av norsk samtidsfotografi, Porsgrunn/Hannover
- Sparebanken Møre
- Kragerø Kommune
- Sykkylven Kommune
Separatutstillingar
- 2012 ”Skjøre Minner Resirkulert”, Aalesund Kunstforening
- 2011 ”Fragile Memories Recycled”, Meetfactory, Praha
- 2010 ”HUS”, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
- 2009 ”Paris Reflections”, Galleri F-15, Moss
- 2007 ”Livet er ei lokal affære” Del 2, Kunstmuseet Kube, Ålesund
”Heime best ?!”, Galleri Elvetun, Sykkylven
- 2006 ”Livet er ei lokal affære”, Trondheim Kunstmuseum
”Jomfruland Stipendiat utstilling” Kragerø Kunstforening
- 2005 ”Paris Landskap”, Galleri Innsikt, Isfjorden
- 2004 ”Barcelona Manscape”, Kunstbanken Hamar
- 2003 ”Evig eies kun det tapte” del 3, Arendal Kunstforening
"The Rest is Silence”, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde Vesterland, Kaupanger ”Stolpe inn-Stolpe ut”, Sunnmøre Museum, Ålesund
- 2002 No 5, Bergen Kunsthall
Tromsø Kunstforening "Førti, feit, men ikkje ferdig” Jubileumsutstilling i Galleri Elvetun, Sykkylven
- 2002-2003 ”Evig eies kun det tapte” vandreutstilling i Nord-Norge produsert av Nord NorskKunstmuseum ved Ingrid Norum, Tromsø
- 2001 ”Heimsavn”, Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand
”Kjedsomhetens Fotografi”, Stenersen Museet, Oslo
- 1999 ”….det tapte”,Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde
”Konkrete Landskap”,Ta det Piano Gallery, Ålesund ”EFETH”, Galleri Elvetun og Studio Galleriet, Sykkylven ”God påske-mens vi bombar Jugoslavia” installasjon, skulp, fotog, stein & kjeks, Ålesund
- 1996 ”Kystlandskap”,Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde
Festivalutstillar, Ålesund Teaterfestival Ørsta Kunstlag
- 1995 Sykkylven Kommunale Galleri
Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss
- 1994 Robert Fotos Galleri, Bergen
Galleri Barbara, Fylkeskulturhuset i Sunndal
- 1991 ”Manscape”,Preus Fotomuseum, Horten
Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss "Continous Fire Polar Circle & Manscape" Lewis Baltz (USA) & Geir M. Brungot
- 1996 Fotogalleriet, Oslo
- 1995 Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde
"Avreise/Departure" Stein Koksvik (maleri) & Geir M. Brungot (fotografi)
- 1999 Vestjysk Kunstforening, Danmark
- 1997-1998 Turne med Riksutstillinger
Nord-Trøndelag Fylkesgalleri, Namsos & Nord-Norsk Kunstnersentrum, Svolvær Kunstbanken, Hamar & Røros Museum
- 1997 Stenersen Museet, Oslo
Jazzfestival utstilling, Molde internasjonale jazzfestival ”Pol til Pol” Multimedia prosjekt med film og fotografi av og med Gunnar Knutsen & Geir M Brungot.
- 2006-2008 POL TIL POL;Vandreutstilling I Den kulturelle skulesekken, Møre og Romsdal
- 2006 Atopia, Oslo, filmframsyning
- 2005 Verdenspremiere film, Cinemateket, Oslo
Filmvisning, prosjektgalleriet, Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde Kinoframvising , Ålesund Kino Film og fotografier, Sunnmøre Museum, Ålesund
Kollektive & gruppeutstillingar
- 2012 Kunstmuseet Kube, Ålesund
- 2010 Tina-B, Internationale Festival for Contemporary Art, Praha
”Tre tre I ein trekant”, Kunst I Natur, Isfjorden
- 2009-10-11 ”Kompressor No 1&2&3”, Galleri Elvetun, Sykkylven
”Ohikulku/Passing By”, Jyväskylä Kunstmuseum, Finland ”Cirkel, Oval, Kvadrat”, Vestjylland Kunstmuseum, Tistrup, Danmark. ”Idyll”, installasjon, Kunst I Natur, Isfjorden
- 2008 Galleri GAD, Oslo
”Undervegs”, Festspel utstilling, Dei Nynorske Festspela ”Rosa Skog”, Installasjon, Kunst I Natur, Isfjorden
- 2007 ” Passing By”, Liv Sønderland og Geir M. Brungot, Vestfold Kunstnersenter, Tønsberg.
- 2005 Galleri Semmingsen, Oslo
- 2003 ”Norsk Gullalder”, Norsk Kunstnerisk Fotografi på 1970-80-tallet.
Norsk Museum for Fotografi- Preus Fotomuseum, Horten. ”Min Gud, Min Gud”, Kulturkirka Jakob, Oslo, kurator Erlend Høyersten ”Urbane Matriser” Haugar Vestfold Kunstmuseum, kurator Øivind Storm Bjerke
- 2002 ”All Open”, Hangar-Barcelona, Spania
Anders Tomren/Geir M. Brungot, Bergen Kunsthall
- 2001-2002 "Jordsyn", vandreutstilling i Telemark(Raymond Mosken & Geir M. Brungot), kurert av Olav Løkke i samarbeid med Telemark Kunstnarsenter, Telemark Fylkesgalleri og Telemark Fylke.
- 2000 "Fotografia Contemporâna Noruega", Centro Cultural Borges, Argentina.
- 2000 Ta det Piano Gallery, Ålesund
- 1999-00-01-02-03-04-05-06-07-08-09, Galleri Aalesund
- 1997-1998 "Sår", vandreuts. i samarbeid med Kunstnarsenteret i Møre & Romsdal,
Møre og Romsdal Fylke & Riksutstillinger
- 1994 "Rapporter", Oslo Rådhus
- 1993 Møre og Romsdal Fylkesgalleri, Volda
- 1991 Preus Foto, Trondheim
- 1990 ”Variasjoner over fotografi”, Oslo Rådhus, Galleri Aalesund & Sørlandets Kunstnersenter.
- 1989 Preus Fotomuseum, Horten
- 1988-89 Fotografisk Vårutstilling, Oslo
Utsmykkingsoppdrag
- 1999 Nytt Apotek, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal
Skulptur/Installasjon i betong, flis, stein og eit tre.
- 1999 Ny Patologi, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal
Fotografi
Stipend
- 2010 OCA, Oslo
- 2010 Kjell Holm’s Stiftelse
- 2009 Arbeidsstipend, Møre og Romsdal Fylkeskommune
- 2005 Jomfruland Stipendet
- 2003 Ingrid Lindbäck Langaard Stiftelse, stipend og opphald Citê, Paris
- 2003 Publikasjons stipend, Norsk Kultur Fond
- 2007,06,02 Vederlagsfondet, prosjektstøtte
- 2010,06,01,96 Statens Reise/Studie/Diverse stipend
- 2009,07,06,04,03,00,95 Prosjektstipend, Norsk Kulturfond
- 2011,10,07,06,05,04,02,01,98,97,95 Utstillingsstipend, Norsk Kulturråd
- 1991 Debutstipend, Norsk Kulturråd
- 2011,03,99,97,95,93,90 Norsk Fotografisk Fond
Arbeids og studieopphald
- 2008 og 2007 Senter for kulturproduksjon og kulturformidling, Høgskulen I Volda
- 2005 Jomfruland Stipendet
- 2004-2005 Cité International des Arts, Paris
- 2002 Hangar, Centre de Producció dÁrts Visual I Multimédia, Barcelona.
Kjelde
- Olav Løkke: Fotokunstneren Geir Morten Brungot. Årbok for Sykkylven 2000.
- Geir Morten Brungot - CV
- Kunstnaren si heimeside: www.sloway.no