Gunhild Aarflot
Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. I 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot, dei fekk fem born. Frå 1798 budde dei på Nedre Ekset i Volda. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar.
Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):
I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme. | ||
Gunhilds forklede
Det er bevart eit forklede etter Gunhild Aarflot, eit randaforkle. Forkledet er truleg vove av Gunhild kring 1790, i den tid Sivert og Gunhild budde på Årflot i Ørsta. Vevnaden er rektangulær med stripar, er truleg vevd av plantefarga, heimespunne garn og heimedyrka lin. Gunhild sitt forklede var utgangspunktet for «Voldaløparen».
Kjelder
- Busetnadssoga for Volda bd 5, Morkabygda - Lidabygda – Yksnøya. 2009.
- Aarflot, Sivert, Sjølvbiografie 1815. www.sivertaarflot.no
- Sulebust, Jarle: «Sivert Aarflot» Årbok for Sunnmøre, Sunnmøre Historielag 2009
Eksterne lekkjer
- Gunhilds forklede på Digitalt Museum.
- Gunild Rasmusdatter i folketeljinga 1801 for Volda prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Gunild Aarflot i Historisk befolkningsregister.
Gunhild Aarflot er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |