Rennebu kommune er ein kommune i Sør-Trøndelag. Namnet har truleg vore bygdenamn frå gamalt (som Sparbu, Ringebu o.a.). Første leddet er ikkje tyda. Rennebu var truleg eige prestegjeld i mellomalderen. I tidleg nytid var bygda annekssokn under Meldal prestegjeld, til det vart oppretta som eige prestegjeld i 1862[1]. Eget herred vart Rennebu i 1839[2]. 1. januar 1966 vart Innset sokn i Kvikne kommune lagt under Rennebu prestegjeld og kommune. Resten av Kvikne vart lagt under Tynset kommune[3]. I 1970 vart Garlia overført frå Tynset til Rennebu.
Kommunesenteret er i dag Berkåk. Tidlegare var det på Voll, der kyrkja ligg. Rennebu grensar mot Surnadal, Rindal, Oppdal, Tynset og Meldal.