Brannen i Tveitsund i 1922

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse i Aftenposten 6. mars 1922.

Brannen i Tveitsund i 1922 starta på eit kontor i 1. etasje ved Paulsen's hotel den 6. mars 1922. Brannen spreidde seg fort til dei kringliggande trebygningane. I alt brann åtte bygningar ned til grunnen. Blandt desse var det tre hotell og tre forretningar.

Brannforløpet

Omkring klokka 4.30 den 6. mars byrja det å brenne på eit kontor i fyrste etasje i Paulsen's hotel. Bebuarane kom seg raskt ut frå hotellet, men brannen spreidde seg raskt til andre bygningar - fyrst til "enkefru Fosli" sin eigendom, og deretter vidare på husrekka. Kring klokka 7.00 stod åtte bygningar i brann.[1] Med stort og smått brann 14-16 bygningar ned, og åtte av desse var våningshus eller forretningsbygg.

I bygningane som blei råka av brannen låg også telefonsentralen, noko som gjorde kommunikasjonen med andre bygder vanskeleg. Agderposten kunne melde at det blei sendt melding frå telefonsentralen til kringliggjande gardsbruk like før brannen greip tak i bygningen der sentralen låg. Slik kom det mange folk til brannstaden, men slokningutstyret var dårleg og vinden var sterk. Hjelpa var til lita nytte for bygningane som stod i flamme.[2]

Også Agdesidens Banks filial og Treungen Sparebank hadde lokalar i dei brennande bygningane. Ein klara å redde ut arkiva til desse. Frikyrkja og posthuset var sterkt truga av brannen, men blei redda etter iherdig arbeid.[3]

Kvelden 7. mars brann det framleis i ruinane. Dei som var huslause fel losjere hjå naboar. Det blei også tatt i mot folk på Tveitsund Turisthotel. Skadene var anslått til mellom 200.000 og 300.000 kr.[4]

Det var ingen personar som blei skadde eller mista livet i brannen. Håvard Tveit (fødd 1912) var ein av dei som opplevde brannen, og fortalte at brannen førte til eit tidsskifte; Tveitsund før og etter brannen.[5]

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 327.
  2. Åsen, 2000, s. 328.
  3. Åsen, 2000, s. 327.
  4. Åsen, 2000, 327.
  5. Håvard Tveit i Åsen, 2000, s. 329.

Kjelder

  • Aftenposten, 6. mars 1922.
  • Tiden, 8. mars 1922.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Kultursoga: 1900-1999, Nissedal, 2000.