Brannen i Tveitsund i 1922

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Etter brannen i 1922.
Foto: Ukjent fotograf/Nissedal historielag

Den store brannen i Tveitsund i Nissedal starta i Paulsen's hotel den 6. mars 1922. Brannen spreidde seg fort til dei kringliggande trebygningane. I alt brann åtte bygningar ned til grunnen. Blant desse var det tre hotell og tre forretningar.


Brannforløpet

Omkring klokka 04.30 den 6. mars byrja det å brenne på eit kontor i fyrste etasje i Paulsen's hotel i Nissedal. Bebuarane kom seg raskt ut frå hotellet, men brannen spreidde seg raskt til andre bygningar - fyrst til "enkefru Fosli" sin eigendom, og deretter vidare på husrekka. Kring klokka 07.00 stod åtte bygningar i brann.[1] Med stort og smått brann 14-16 bygningar ned, og åtte av desse var våningshus eller forretningsbygg.

I bygningane som blei råka av brannen låg også telefonsentralen, noko som gjorde kommunikasjonen med andre bygder vanskeleg. Agderposten kunne melde at det blei sendt melding frå telefonsentralen til kringliggjande gardsbruk like før brannen greip tak i bygningen der sentralen låg. Slik kom det mange folk til brannstaden, men slokningutstyret var dårleg og vinden var sterk. Hjelpa var til lita nytte for bygningane som stod i flammer, men ein fekk avgrensa skadeomfanget til dei andre bygningane.[2]

Agdesidens Banks filial og Treungen Sparebank hadde lokalar i dei brennande bygningane. Ein klara å redde ut arkiva til desse. Frikyrkja og posthuset var sterkt truga av brannen, men blei redda etter iherdig arbeid.[3]

Kvelden 7. mars brann det framleis i ruinane. Dei som var huslause fekk losjere hjå naboar. Det blei også tatt i mot folk på Tveitsund Turisthotel. Skadene var anslått til mellom 200.000 og 300.000 kr.[4]

Det var ingen personar som blei skadde eller mista livet i brannen. Håvard Tveit (fødd 1912) var ein av dei som opplevde brannen, og fortalte at brannen markerte eit nytt tidsskifte; "Tveitsund før og etter brannen".[5]

Bygningar som gjekk med i brannen

Bilete frå brannen

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 327.
  2. Åsen, 2000, s. 328.
  3. Åsen, 2000, s. 327.
  4. Åsen, 2000, 327.
  5. Fortalt av Håvard Tveit i Åsen, 2000, s. 329.

Kjelder

  • Aftenposten, 6. mars 1922.
  • Tiden, 8. mars 1922.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Kultursoga: 1900-1999, Nissedal, 2000.