Breifonn (Fyresdal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne artikkelen trenger kjelder.
Breifonn er namnet på bygningen som ligg i Skippergata 2 i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Bygningen vart flytt til Folkestadgata 24 frå Nordre Bondal i Kleivgrend i 1873. Forbruksforeininga i Fyresdal som vart stifta i 1871 nytta Breifonn som forretningsbygg fram til 1905. Då vart bygningen flytta bakover i Skippergata og nytta som smie av Lars Folkestad.
Guro Folkestad lot i 1927 sonen Lars Knutson leige eit jordstykke kalla Breifonn på Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5) for 10 kroner årleg. Her fekk Lars seg hus og dreiv som smed og gråsteinsmurar.
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.