Magnhild Bruheim
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Magnhild Bruheim (født 17. september 1951 i Skjåk) er forfatter og journalist.
Magnhild Bruheim vaks opp i Skjåk, men har budd om lag tjue år i Oslo, og på Lillehammer sidan 1995. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo og har tilleggsutdanning som journalist.
Magnhild er niesa til diktaren Jan-Magnus Bruheim, og framhevar han som ein ispirator for skrivinga si. Også andre forfattarar frå Lom og Skjåk, som Olav Aukrust, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter, har oppteke henne. Særleg viktige var desse i ungdomsåra då ho flytta til Lillehammer og tok examen artium. I diktinga deira har ho funne att mykje av det oppveksten lærte henne om bygda og bygdesamfunnet, seier ho sjølv.
I 17-års alderen tok Bruheim til å skrive dikt. Då las ho mykje lyrikk, både som inspirasjon til eiga skriving og som kjelde til livserfaring og livsvisdom, og i gymnasåra på Lillehammer var ho med og laga antologien Dikt 71, med bidrag frå elevane ved skulen. Ho las dikt på fleire offentlege tilstellingar, hadde dikt på trykk i Gudbrandsdølen og interessa for å skrive dikt.
I 1997 debuterte ho med kriminalromanen Varselet. Det er eit særmerke for kriminalromanane til Bruheim at handlinga ikkje er lagt til bymiljø, men til bygdesamfunn omlag slik det var i hennar oppvekst.I barne-og ungdomsåra fekk ho høyre mange spennande historier av forteljarar i nærmiljøet, både sanne og oppdikta. Særleg historier knytte til døden og naturen gjord djupt inntrykk på henne.
Magnhild Bruheim har vore målpolitisk engasjert. Ho var i 1978-79 leiar i Norsk Målungdom, og i hovudoppgåva si i nordisk analyserte ho mållova av 1930.
Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilandsjournalist. Ho har budd om lag 20 år i Oslo og på Lillehammer sidan 1995, og er kanskje mest kjend som NRK-røysta frå "Sånn er livet", "Dagsnytt" og ulike kulturprogram.
Bibliografi
- Varselet. Samlaget, 1997
- Maskerade. Samlaget, 1999
- Utan englevakt. Samlaget, 2000
- Lykkeland: Minne frå slagerbøkene – Dokumentar (2000) (Sammen med Sissel Bjørgan)
Svart arv – Kriminalroman (2001). Senere dramatisert av forfatteren for Radioteatret (2008) Dragsug – Kriminalroman (2002) Ny melding – Kriminalroman/ungdomsroman (2003) Matminne frå Gudbrandsdalen – Dokumentar (2004) (Sammen med Hilde Grytting og Aasmund Hanslien) Trolldomskraft – Historisk roman/ungdomsroman (2005) Venneringen – Kriminalroman/ungdomsroman (2007) Nattskrik – Kriminalroman (2008) På flukt – Kriminalroman/ungdomsroman (2010) Det som ein gong var – Roman (2010) Blod på hendene – Roman (2011) Det som er sant – Roman (2013) Motorsykkelmysteriet – Barnebok. Roman, Samlaget (2014) Hyttemysteriet – Barnebok, Samlaget (2015) Bjørnemysteriet – Barnebok, Samlaget (2016)