Sørestranda ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. sep. 2021 kl. 20:33 av Nseland (samtale | bidrag) (ordretting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.
Ungdomshuset Høgetun
Fondvegg Høgetun
Høgetun salen

Sørestranda ungdomslag i Sykkylven vart skipa i 1911. Ungdomslaget hadde møta sine på skulehuset på Hellen fram til 1932, då ungdomshuset «Høgetun» vart bygd. Klaus Sletten, redaktør i Møre Tidend frå 1917 til 1920 eigde ein gard på Ikornnes og ga hustomt til laget. Mange utflytte «søre-strandingar» i Amerika ga gode pengegåver til huset, så laget var omlag skuldfri då huset sto ferdig.

Det har vore halde om lag 350 møte i laget, og 60 skodespel er framsynt. Idrettslaget og skyttarlaget er spirer frå ungdomslaget.

Lærar J. Fredriksen var første formannen, og både han og frua la ned eit stort arbeid i laget, og vart i 1936 heiderslemer. No i 1954 heldt laget minnefest for Fredriksen. Ola Tandstad var med i laget i mange år. Elles har Erling Eliassen lagt ned eit godt arbeid. Lagsbladet heiter «Trekloppa».

SYKKYLVEN GARDSSOGA III AV MARTIN GJÆVENES UTGJEVEN AV SYKKYLVEN SOGENEMND 1983:

«Bnr 13 SOLBERG, sidan HØGTUN Utskilt frå bnr 1 i 1920, skyld 2 øre. SØRESTRANDA UNGDOMSLAG Skøyte frå Klaus Sletten 6/11 1920 for 400 kr. Etter krav frå laget ved formannen Nils Stave, vart namnet endra frå Solberg til Høgtun i 1921. Men i daglegtalen levde det første namnet lenge. Sørestranda Ungdomslag ga forfattaren av dette bandet kulturprisen for 1979 for lokalhistorisk arbeid med gardssoge og boka Utvandrarane frå Sykkylven.»

Klaus Sletten var redaktør i Møre Tidend i Ålesund frå 1917 til 1920[1]

Referansar

  1. Allkunne.no

Kjelder og litteratur

  • Ivar Grøvik: Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag gjennom 60 år, 1954.