Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800
Eigedomstilhøve i Jostedalen
Gardane i Jostedalen har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet. Dette er eit oversyn over eigartilhøva som gjeld dei matrikulerte gardane fram til overgangen til sjølveige var fullført før 1800. Det femner ikkje om den seinare matrikuleringa og overgangen til sjølveige for dei mange husmannsplassane. (For ei generell innføring, sjå Leksikon:Jordeiendomsforhold.)
Frå kyrkjegods til kongegods
I skattematrikkelen 1647 heiter det om alle gardane i Jostedalen at dei "ehr Apostelsguodtz", og bygda har
truleg vorte ein del av godset til Apostelkyrkja i Bergen alt i mellomalderen. Til liks med anna
apostelgods er ikkje jostedalsgardane nemnde i Bergens kalvskinn.
Med reformasjonen i 1536/37 la kongen under seg alt kyrkjeleg gods, så seinast frå dette tidspunktet har nok
Jostedalen vore i kongeleg eige. Det er òg temmeleg sikkert at Jostedalen vart folketom i nedgangstida i
seinmellomalderen, så Jostedalen vart av den grunn òg kongeleg eigedom. I 1664 er Jostedalen omtala som
"tilforen Kongens Øde march".[1]
Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart
Dale prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale vart
lagt under Bergenhus len.[2]
Privateigd gods
I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje joregods, og det galdt òg Jostedalen. 24.
januar 1664 fekk lagmann og stiftsamtmannforvaltar Hans Hansson Lillenskiold frå Askøy skøyte på heile
dalen.
Lillenskiold selde 26. mars 1681 dalen vidare til Bertha Ludvigsdotter Munthe på Flahammar i Luster,
enkja etter futen Christoffer Giertsen. Gjertsen hadde tidlegare fått hand om mykje av apostelgodset i
Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.[3]
Etter Bertha Munthe vart jostedalsgodset kløyvd opp gjennom ei rekkje arveoppgjer dei neste generasjonane.
Overgangen til lokalt bondeeige
Det følgjande oversynet tek berre med fyrste tidspunkt gardar i Jostedalen gjekk frå eksternt eige til lokalt bondeeige. Ikkje alle gardar vart i fyrste omgang kjøpte av gardbrukaren på garden, sjølv om det var det vanlegaste. Dette er difor ikkje heilt ut overgangen til sjølveige i Jostedalen.
Gnr | Gard | År | Fyrste sjølveigar | Siste godseigar | Merknader |
---|---|---|---|---|---|
186/1 | Nedre Myklemyr | 1682 | Hans Otteson Ravn | Bertha Ludvigsdotter Munthe | Overgangen til sjølveige
var seinare for dei andre bruka, men eigartilhøva var lenge skiftande og kompliserte Øyane s. 2 og |
187 | Ormberg | 1771, 10. september | Anders Andersson Ormberg | Ludvig Munthe | Øyane s. 95 |
188 | Fossen | 1778, 28. juli | Knut Guttormson Ødegaard | Jens Munthe | Øyane s. 118 |
189 | Sperla | 1764, 1. juni | Erik Christenson Fossehaugen | Ludvig Munthe | Øyane s. 175 |
190 | Åsen | 1771, 10. januar | Ole Andersson Åsen | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane s. 212 |
191 | Nedrelid | 1771, 10. september | Lars Halvorson Garen | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane s. 255 |
192 | Bruheim | 1787, 13. oktober | Sjur Olson Breum | Hartvig Kaas Gerhardson Munthe og Frantz Rieck
Gerhardson Munte || Øyane s. 276 | |
194 | Bakken | 1778, 28. juli | Lars Sjurson Bakken | Jens Christopherson Munthe | Øyane s. 376 |
195 | Bjørk | 1765, 6. mars | Anders Tøgerson Bjørk | Gerhard Munthe | Øyane s. 425 |
196 | Vamberg | 1778, 28. juli | Otto Larsson Vamberg | Jens Christopherson Munthe | Øyane s. 462 |
197 | Ytri | 1794, 3. juni | Knut Jetmundson Ytri | Peder Leganger Rumohr | Var i 1794 det siste
leiglendingsbruket i Jostedalen. øyane s. 4 |
198 | Kjervik | 1771, 10. september | Erik Knutson Kjervik | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane s. 498 |
199 | Kreken | 1771, 10. september | Ole Henrikson Kreken | Ludvig Christopher Munthe | Øyane s. 521 |
200 | Espe | 1770, 16. mars | Lars Jetmundson Espe | Gerhard Munthe | Lars måtte gje frå seg garden att i
1772 til Jens Christopherson Munthe etter ei odelssak, men fekk kjøpt garden av han att 28. juli 1778. Øyane s. 545 |
201 | Elvekrok | 1778, 14. april | Knut Olson Elvekrok | Jens Christopherson Munthe | Øyane s. 574 |
202 | Mjølver | 1787, 23. oktober | Rasmus Erikson Bergset | Frantz Wilhelm Riech Munthe og Christopher
Munthe || Andre halvparten kjøpt av Chr. Munthe25. mai 1788. Øyane s. 597 | |
202/7 | Bjørkehaugen | 1691, 6. mars | Anders Sjurson Kruna | Ludvig Christopherson Munthe | Bruket var i lokalt bondeeige frå 1691, men den fyrste brukaren som var sjølveigar, var Ole Jetmundson Bjørkehaug som
kjøpte bruket 7. juni 1781. øyane s. 629 og 632 |
203 | Li | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane s. 668 |
204 | Nedre Fåberg | 1778, 28. juli | Lars Andersson Fåberg | Jens Munthe | Øyane s. 693 |
205 | Øvre Fåberg | 1778, 28. juli | Ole Olson Fåberg | Jens Munthe | Øyane s. 722 |
206 | Haugen | 1778, 28. juli | Anders Paulson Haugen | Jens Munthe | Øyane s. 749 og 753 |
207 | Hellegård | 1772, 20. februar | Peder Hermundson Hellegård | Jens Christopherson Munthe | Øyane s. 785 |
208 | Kruna | 1757, 26. oktober | Knut Rasmusson Kruna | Jens Christopherson Munthe | Øyane s. 828 |
209 | Snøtun | 1778, 28. juli | Anders Pederson Snøtun | Jens Munthe | Øyane s. 851 |
210 | Grov | 1758, 10. januar | Otto Olson Grov | Jens Munthe | Øyane s. 875 |
211 | Bergset | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane s. 895 |
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- ↑ [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=797 Brev frå Tøger Jensson, 9.8.1664]
- ↑ [http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Dale_var_eige_len_og_futed%C3%B8me Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]
- ↑ Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane