Otto Tøgerson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Otto Tøgerson Snøtun (Talle) (fødd kring 1731 i Jostedalen, død 27. april 1805 i Luster) var frå Snøtun i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han vart 4. september 1758 tilsett som lensmann i Jostedalen etter faren Tøger Ottoson Snøtun.

Otto Snøtun fekk 28. oktober 1758 skøyte på Snøtun hjå far sin, som året før hadde vorte den fyrste sjølveigaren på Snøtun etter å ha kjøpt garden av Gerhard Munthe. Men broren Jens Munthe tok attende garden på odel 27. mars 1760 og gav Otto Snøtun bygselsbrev som leiglending på Snøtun 25. oktober 1762.

I 1768 flytte så Otto til Lavoll i Luster, og han gjekk då av som lensmann. Han gifte seg 27. juni 1768 med Kristina Thomasdotter frå Dalsøyri. Etter at far hennar 27. juli 1776 vart eigar av garden Talle i Luster etter eit makeskifte, flytte Otto og Kristina hit. Den 14. april 1779 fekk så Otto skøyte på garden frå svigerfaren. Men ekteparet vart skilt i 1794, og garden vart då delt i to like store bruk mellom dei. Dei var barnlause.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 139.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 851. (Digital utgåve, NBdigital)