Nordagutuvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. feb. 2022 kl. 15:12 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordagutuvegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Nordagutuvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går aust- og nordover frå Sauheradvegen ved tettstaden Akkerhaugen, der han kryssar SauarelvaAkkerhaugen bru og går tilbake til same veg ved Holtsås.

Vegen er 12,2 km lang og har namn etter tettstaden Nordagutu, som han passerer gjennom. Her ligg også Nordagutu stasjon. I samband med bygginga av jarnbanebrua over Sauarelva på Akkerhaugen kring 1922, blei det laga kjøyrebane og gangbane på kvar si side av brua, og fergetrafikken over elva opphørte. Høsten 1981 blei den nye 210 meter lange vegbrua over elva ved sida av jernbanebrua opna. Nordagutuvegen er ein del av fylkesveg 3340 (tidlegare fv 553).

Kjelder


Koordinater: 59.39736° N 9.24181° Ø