Skjåk Almenning

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. des. 2010 kl. 04:37 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreSkjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine ca. 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets største private grunneigedom. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde til da lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det var det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett. Til langt ut på 1800-talet vart eigedomen kalla Nordherredsmarkens allmenning («Nordheradsmorkje») etter det gamle bygdenamnet Nordherad. Stundom finn ein også brukt namnet Langmarken («Langmorkje»), og desse namna må ikkje forvekslast med Nordherad og Langmorkje i Vågå.

Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk.

Skjåk Almenning blir leia av eit styre valt av bruksrettshavarane i samsvar med Lov om bygdeallmenninger,[1] under dagleg leiing av ein ålmenningsstyrar. Styrar og administrasjon held til i bygdesenteret Bismo.


Ei hjørnesteinsverksemd

Forutan å vere grunneigar og forvaltar av skog, fisk, vilt og andre naturressursar, driv Skjåk Almenning skogbruk, foredlings- og forretningsverksemd i bygda. Det blir årleg avverka om lag 9000 m3 furutømmer (opplysning frå 2009). Foredlinga skjer ved ålmenninga sitt foredlingsanlegg (sagbruk og høvleri) i Bismo. Denne delen av verksemda blir i dag (2010) organisert gjennom dotterselskapet Skjåk Trelast as, som også driv omsetjing av trelast og byggevarer i Bismo (Byggern i Skjåk). Ålmenninga har elles inntekter av jakt- og fiskerettar og av festeavgifter av hyttetomter.

Seterdrift, beite og fôrhenting, bygningsmaterialar og anna vyrke, ved, trekol, tjøre, never, fisk og vilt i ålmenninga - alt dette har hatt stor betydning for jordbruk og busetnad i bygda. Tømmersal frå byrjinga av 1700-talet og eksport av foredla trelast frå 1930 har gjort ålmenninga til ein svært viktig faktor i økonomi og sysselsetjing i Skjåk.

Areal og ressursar

Mal:Thumb høyre Ålmenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar. Eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik:

  • Fjell og vidde: 83%
  • Brear: 6%
  • Vatn og vassdrag: 5 %
  • Skog:. 6%, av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu).

Lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.

Skjåk Almenning er den største jaktrettshavaren innan Ottadalen villreinområde, med ei årleg fellingskvote på ca. 400 dyr (367 i 2010). Det blir elles felt ca. 50 elgar i året, og dertil hjort, rådyr og småvilt. Det finst meir enn 200 fiskeførande vatn og tjønner og ca. 250 km fiskeførande elver. Mange av vatna har fått utplanta fisk med yngel frå eit oppdrettsanlegg som ålmenninga dreiv i 1950- og 1960-åra. Einaste fiskeslaget er aure.

Ei kort periode i 1840-åra, og sidan frå 1890-åra til midt på 1960-talet var det også drive tamreindrift i ålmenninga. Det var dels enkeltpersonar, dels private andelslag og ein periode jamvel eit kommunalt selskap som stod for dette.

Ålmenninga har lenge leigd ut hyttetomter til private. I seinare år har det vorte utbygd fleire hyttefelt, og ålmenninga har i dag inntekter frå om lag 500 festetomter. Ålmenninga eig også fleire overnattingshytter til bruk for turgåarar, jegerar og fiskarar.

Eigar- og bruksrett

Dei særskilde bruksretts- og eigedomstilhøva har bakgrunn i heimkjøpet av ålmenninga i 1798. Da selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld» (skøyte 22.1.1798).[2] «Alle almuer», i seinare avskrifter «almuesmænd», var gardbrukarane på dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden Andvord i Lom. Eigarlutane vart fastsette i huder og skinn i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen vart fastsette i forhold til dette.

Ved seinare oppdeling av gardar med eigedomsrett har talet på eigarar auka. Eigedomsretten følgjer i dag 208 av gardsbruka i bygda, noko over halvparten av det samla talet på gardsbruk i Skjåk. Eigedomsretten inneber fyrst og fremst krav på kontantutbytte av drifta. Det er også eigarane direkte som får dei årlege inntektene av fossefallsrettar som vart selde i 1960-åra.

Bruksrett har alle gardar og bruk, i praksis rekna til landbrukseigedomar over 5 dekar, alt i alt ca. 370 eigedomar inklusive dei med eigedomsrett. Det viktigaste ved bruksretten i dag er bruksrettrabatt på ved og materialar til gardsbehov, i tillegg til hevdvunne rettar til setrer og beite.

Dette tilhøvet, at dei som har bruksrett består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett, er visstnok eineståande blant ålmenningane.

Talet på gardsbruk med bruksrett, men ikkje eigedomsrett, auka jamt frå slutten av 1800-talet med frikjøpet av husmannsplassar/bygselsbruk i og utanfor ålmenninga. Som følgje av bureisinga i 1920- og 1930-åra kom det også til ca. 30 slike bruk.

I takt med denne utviklinga oppstod det interessemotsetningar mellom eigarane og dei i bygda som berre hadde bruksrett. Brukarar av gardar med liten og ubetydeleg eigarlut har hatt ein tendens til å følgje den reine bruksretten i ålmenningspolitikken. Eigedomsretten er etter måten konsentrert. 36% av dei som har bruksrett, eig 94% av ålmenninga, medan ca. 19% eig dei siste 6%. Dette har mellom anna gjort seg utslag i at den reine bruksretten har fått fleirtal ved styrevala, noko som i sin tur har ført til langvarig strid om kva kompetanse ålmenningsstyret har hatt i høve til eigarane. Det har dreia seg mellom anna om disponeringa av overskotet, fondsoppbygging, sal av ålmenningsplassar, jordsal til bureising med meir.

Interessemotsetningane har gjort seg organisatorisk utslag i danninga av eit bruksrettslag og eit eigarlag frå 1960-åra av.

Ei tilsynelatande varig løysing på motsetningane vart oppnådd i ein avtale mellom ålmenningsstyret og Eigarlaget av 5. mars 1995. Den går ut på at «Eigarlaget v/styret aksepterer at all forvaltning av almenningen tilligger styret, jfr. lov om bygdealmenning kap. 3». Motytinga var regulering og sikring av eigarutbytte i høve til storleiken på bruksrettsytingane til kvar tid.


Historie

Privatålmenning 1726-1798

Etter Store nordiske krig selde kongen ein del ålmenningar i Noreg til private. «Nordherredsmarkens almenning» (Skjåkålmenninga) vart seld på auksjon på Elstad i Ringebu 3. august 1726. Allmugen hadde sine representantar til stades der for å by, men nådde ikkje opp i bodgjevinga.

Eigarane i privatålmenningstida var:

  • 1726-1731: Kjøpmann Johan Jokum Lonicer, Kristiania. Han kjøpte ålmenninga på auksjonen i Ringebu 3.8.1726 og fekk utferda kongeskøyte 25.2.1727. Før den tid var det altså kongen som hevda eigedomsretten, medan allmugen hadde bruksrett etter lova.
  • 1731-1743: Bonde Tosten Olsen Hjelle (Rik-Skjeillen), Dovre.
  • 1743-178?: Kjøpmennene Claus Bendeke og Iver Eliessen, Kristiania. Etter Bendekes død (før 1748) overtok Eliessen halvdelen hans etter overeinskomst med arvingane. Enkefru Karen Leuch Eliessen har behalde ålmenninga etter mannens død (før 1758), og var framleis eigar iallfall så seint som i 1781.
  • 178?-1785: Kammerjunker og kjøpmann Johan Wilster. Han åtte ålmenninga seinast frå februar 1783.
  • 1785-1798: Etatsråd, kjøpmann, gods- og verkseigar Bernt Anker.

Særleg i Tosten Hjelles tid som eigar vart det gjennomført store uthogster som vart fløytte nedover Ottaelva og Gudbransdalslågen og levert på Vingnes til trelasthandlarar frå Christiania. Mykje arbeidsfolk var involvert, både innanbygds og utanbygds. Ein sideeffekt av det var at det vart rydda gardar og plassar i Bråtå, Kvitingslia og Langleitsgrend. Tosten Hjelle gav dei fyrste løyva til slik nyrydding i 1739. Det galdt tre bruk i Bråtå (Mork, Slette og Storbråtå) og eitt i Langleitsgrenda (truleg nåverande Søre Langleite). Sidan kom det mange bruk og plassar til, med og utan løyve frå grunneigar og styresmakter. Nokre av nyryddingane vart matrikulerte bygselsbruk, medan andre vart verande husmannsplassar. Om lag 20 av dei matrikulerte småbruka vart sjølveigande da Bernt Anker selde dei til brukarane i 1790-åra. Dei blir den dag i dag omtala som gardar med Anker-skøyte.

Nyryddinga hadde ein tendens til å gå ut over dei gamle beiteområda og heimsetrene til gardane i hovudbygda, og det oppstod spenningar og mange konfliktar.


Bygdeålmenninga før sagbrukets tid 1798-1930

Nye grender og sal av ålmenningsbruk

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyreNyryddinga skaut fart mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-åra. Nye grender av plassbruk kom til i Jøingslia og Billingsdalen, meir eller mindre i strid med gardbrukarane sin vilje. Mot slutten av 1800-talet hadde ålmenninga byrja å selje ein og annan av dei gamle husmannsplassane til sjølveige. Eit nytt, bruksrettsorientert ålmenningsstyre sette frå 1915 i gang eit omfattande sal av ålmenningsplassar i Jøingslia og andre stader. Dette vekte motstand blant ein del av eigarane, og vart kjelde til strid i fleire tiår frametter. Det same galdt bureisinga som tok til fyrst i 1920-åra, og som i tida fram til 1945 skapte 24 nye bruk i ålmenninga.


Bruksrettsreglar og fast administrasjon

Drift og administrasjon kom inn i fastare former frå ca. 1840 av. Dei fyrste kjende bruksreglane vart fastsette i 1834. Tillegg og nye reglar kom 1837, 1845 og 1858. Frå 1880 har det vore ein fast ålmenningsstyrar med forstfagleg kompetanse.


Tømmersal

Etter eit fleire tiårs langt opphald, tok ein rundt 1850 på nytt til med salsdrifter av tømmer. Det foregjekk med ujamne mellomrom gjennom dei neste 70-80 åra. Skogen vart seld på rot til utanbygds oppkjøparar som sjølve organiserte hogging og transport. Den siste salsdrifta av denne typen var i 1924.


Fellesdrift

I 1890-åra tok ein til med fellesdrift for uttak til bruksretten. Akkordar vart sette bort ved lisitasjon, dvs. til lågastbydande hoggarar og køyrarar. Lisitasjonssystemet varte ved til 1920-åra.


Høgfjellskommisjonen

Eigedomsretten til høgfjellet var lenge omtvista. Staten hevda at dette var statsålmenning, medan Skjåk Almenning gjorde krav på full eigedomsrett også til høgfjellet innan Skjåks grenser. Høgfjellskommisjonen behandla saka for Skjåks vedkomande frå 1908 og frametter. Ved høgsterettsdom i 1927 kom det til avgjerd i Skjåk ålmennings favør.


Sagbruk

Fram til 1930 gjekk den innanbygds foredlinga av trelast føre seg på små bygdesager i og utanfor ålmenninga. Det er dokumentert slike sager i ålmenninga frå før 1720. I andre halvparten av 1800-talet kjenner vi til fanst følgjande private sager i ålmenninga:

  • Dønfoss
  • Kollungen
  • Åstrafossen
  • Stamåa (nedlagt og vatnet overført til Heggjeåsaga ca. 1890).
  • Heggjeåa
  • Pollmosaga (Pollfossen, i drift ca. 1890-1925).

I 1890-åra byrja ålmenninga med sagbruk for eiga rekning. Heggjeåsaga vart innkjøpt i 1895, og vart meir eller mindre halden i gang til 1933. I 1901 bygde ålmenninga eit nytt sagbruk i Åstra (Bråtåsaga), som var i drift til 1946, med avbrot. Så i 1915 overtok ålmenninga Skamsar-saga. Den låg rett vest for Bismo, langt austafor ålmenningsgrensa, slik at ho kunne fange opp tømmer frå heile ålmenningsskogen. Skamsar-saga var opphavleg bygd av private i 1897. Nå gjekk det 15 år med planlegging av og strid om oppbygging av eit større og modernisert sagbruk og høvleri, med tanke på å behalde foredlingsgevinsten i bygda. Mellom anna vart utvegane til transport av foredla trelast var blitt mykje betre etter at lastebilane kom i sving for alvor i 1920-åra.

Frå 1930 til i dag

Drifta under krigen

Fallingen-dommen 1963

Bruksrettslag og eigarlag

Sal av fallrettar i 1960åra

Semja 1995

Reinheimen og Breheimen, verneområde


Ålmennings- og sagbruksstyrarar

Ålmenningsstyrarar:

  • 1880-1902: Gregor Johannessen Rudser (Øyberget)
  • 1902-1913: Bjørn Washus
  • 1913-1933: Ivar E. Jensen
  • 1933-1936: Tarjei Wæthing
  • 1936-1939: Nils Nordby
  • 1939-1968: Einar Sandbakken
  • 1968-199?: Svein Tengesdal
  • 199?-d.d.: Stig Aaboen

Sagbruksstyrarar:

  • 1929-1934: Anton Semmingsen
  • 1934-1941: P. Skaarer
  • 1941-1956: A Haugan
  • 1956-19??: Jon L. Andreassen
  • Etter Andreassen?


Kjelder og litteratur

  • Bruheim,M.: Skjåk Ålmenning 1798-1948. Utg. av ålmenninga 1969
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998 ISBN 82-993371-0-0
  • Informasjonsskriv nytta ved årsmøte i Norsk Almenningsforbund i Skjåk sommaren 2010 v/ålmenningsstyrar Stig Aaboen
  • Innstilling fra Skjåkutvalget. Oppnevnt av Skjåk almenningsstyre den 17. oktober 1976. Trykt 1979.

Notar