Lars Tøgerson Kronen
Lars Tøgerson Kronen (døypt januar 1808, død 2. desember 1886) var frå garden Kruna i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Tøger Larsson Kruna og Gjertrud Andersdotter, og dermed soneson til lensmann Lars Tøgerson Snøtun.
Han fekk skøyte på heimebruket etter foreldra sine 25. oktober 1830. Dei budde som kårfolk på garden til mora døydde i 1831 og faren i 1854. Lars R. Kronen var gift to gonger, fyrst 20. juni 1836 med Johanna Andersdotter frå Haugen i Jostedalen som døydde i barselseng 5. juni 1838. Deretter gifte han seg med Kirsti Pedersdotter frå Skildeim i Luster 28. juni 1842. Lars fekk to born i fyrste ekteskapet og åtte i det andre.
Lars T. Kronen var den andre bonden som vart ordførar i Jostedalen, og han hadde ombodet i tre stutte periodar, fyrst i 1846, så i 1857-1858 og 1868-1869.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
| Forgjengar: Michael Sundt Tuchsen Fasting |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Christian Bastholm Heltberg |
| Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |
| Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Rasmus L. Faaberg |