Gjesdal krins
Gjesdal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Det første ein høyrer om undervisning i Gjesdal, er frå 1833. Borna blei underviste på garden i privat husstand, og høyrde til rode 1 som omfatta gardane: Gjesdal, Leigrovsbakken, Kjelsnes, Espehaug, Hammar, Vassenden og Strand.
På 1860-tallet blei truleg Gjesdal ein eigen skulekrins og omfatta dei nærliggande gardane: Leigrovbakken, Gjesdal, Kjelsnes og Strand. I 1891 blei Gjesdal slått samen med Fluge krins, og omfatta gardane: Flugekvam, Hjelbrekke, Stortre, Fluge, Årset, Løiset, Vassenden, Leigrovbakke, Espehaug og Gjesdal. Denne ordninga blei avvikla i 1897 under den nye krinsreguleringa. Fluge blei nedlagt og borna frå Fluge krins blei fordelt mellom krinsane Gjesdal og Eikås.
Gjesdal krins var fram til 1902 to-delt. Det same året var den tre-delt for imøtekomme det store elevtalet. Det var eksempelvis mellom 1904-1936 i gjennomsnitt heile 45 elevar i skulen kvart år.
Krinsa blei nedlagt i 1968 som følgje av krinsreguleringa, som bestemte at krisane Eikås, Gjesdal, Sandal og Ålhus skulle samlast til sentralskulen på Vassenden. Forslaget hadde allereie blitt vedtatt på byrja av 1960-tallet.
Skulehus
Gjesdal fekk sitt fyrste skulehus omkring 1898. Det var også innreia sløydslokale på loftet av skulen. Skulehuset har sidan vore nytta til ein del spesielle skuletimar i historie.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
O.J. Møkelbust | Gjesdal | 1836 | 1840? | |||
Ole Christensen | Gjesdal | 1855 | 1858? | |||
Daniel Olsen | Gjesdal | 1859 | 1860? | |||
S. Skaar | Gjesdal | 1875 | 1876 | |||
K. Myklebust | Gjesdal | 1878 | 1880 | |||
Ludvig Fugle | 1860 | Gjesdal | 1880 | 1920 | Balestrand 1877 | |
Andreas Hamar | 1892 | Gjesdal | 1920 | 1962 | Volda 1914 | |
Eivind Fossheim | 1892 | Gjesdal | 1962 | 1962 | Volda 1913 | Vikar |
Bård Hamar | Gjesdal | 1962, 1966 | 1963, 1967 | Var lærar for 3. klasse i to perioder: 1962-1963 pg 1966-1967 | ||
Arnhild Sårheim | Gjesdal | 1965 | 1966 | |||
Jorun Hamar | Gjesdal | 1966 | 1968 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Dagbok for Eikås, Gjesdal og Fluge 1877-1898
- Dagbok for Gjesdal 1904-1936
- Dagbok for Gjesdal 1905-1968
- Dagbok for Gjesdal 1936-1938
- Forhandlingsprotokoll for Gjesdal 1920-1970
- Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
- Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal 1878-1903
- Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal 1867-1877