Spjotsoddvegen

Sideversjon per 13. okt. 2021 kl. 01:00 av Rool (samtale | bidrag)

Spjotsoddvegen i Kviteseid kommune er ein blindveg som går sørover på Spjotsodd frå Kviteseidvegen. Etter 500 m passerer vegen gjennom eit stort sandtak med Kviteseid betong sitt produksjonsanlegg. Ved eigedomen Spjotodd (gnr. 23/5) ligg også Spjotodd brygge frå 1896, der kanalbåtane har anløp. Her dreier vegen vestover og passerer under den 290 m lange hengebrua Spjotsodd bru eller Spjotsundbrui. Vegen ender ytst på Bruodden der det i tidlegare tider gjekk ei flytebru over sundet til Smiodden. Tre store sandtak har tilkomst frå Spjotsoddvegen. Det går og ei grein av vegen nordaustover til Strauman skytebane.

Parti fra Spjotsoddvegen med Spjotsodd brygge til høgre.
Foto: Roy Olsen (2021).
Parti fra Spjotsoddvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen (hovudløpet) er 1 270 m lang, er utan fast dekke og har namn etter staden.

Galleri

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.36845° N 8.52945° Ø