Spjotsoddvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti fra Spjotsoddvegen med Spjotsodd brygge til høgre.
Foto: Roy Olsen (2021).
Parti fra Spjotsoddvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Spjotsoddvegen i Kviteseid kommune er ein kring 1,3 kilometer lang blindveg som går sørover på Spjotsodd frå Kviteseidvegen. Etter 500 meter passerer vegen gjennom eit stort sandtak med Kviteseid betong sitt produksjonsanlegg. Ved eigedomen Spjotodd (gnr. 23/5) ligg også Spjotodd brygge frå 1896, der kanalbåtane har anløp. Her dreier vegen vestover og passerer under den 290 meter lange hengebrua Spjotsodd bru eller Spjotsundbrui. Vegen endar ytst på Bruodden der det i tidlegare tider gjekk ei flytebru over sundet til Smiodden. Tre store sandtak har tilkomst frå Spjotsoddvegen. Det går òg ei grein av vegen nordaustover til Strauman skytebane.

Vegen har namn etter staden.

Galleri

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.36845° N 8.52945° Ø