Anne Vindegg (1884–1980)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2023 kl. 20:53 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (just.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol.

Anne vart fødd på Tufto, ein av nabogardane til Vindegg. Her hadde mora, Mari Ellingsdotter (1847-1937), vakse opp. Faren, Tolleiv Knutson (1846-1931) var frå Verpe i Ustedalen ved Geilo. Paret overtok Tufto i 1871, same året som dei gifte seg.

Anne hadde seks eldre og to yngre syskjen: Ragnhild (1871-1918), Elling (1873-1963), Knut (1875-1963), Pål (1877-1893), Birgit (f. 1879), Olav (1882-1956), Asbjørn (1887-1973) og Ambjør (1889-1967). Birgit dro til Amerika, medan resten av syskjena vart buande i den vesle bygda Kvisla. Elling på Tufto, Knut på øvre Sand, Olav på søre Givsjord og Anne på Vindegg.

I 1911 gifte ho seg med Ole Olson Vindegg (1880-1955). Paret fekk sju born: Olav (1911-1994), Torleiv (1913-1986), Mikkel (1915-1988), Ingebjørg (1917-2004), Maria (1919-2003), Erling (1922-2006) og Sissel (1925-1988). På Ustaoset dreiv dei Osestølen. På stølseigedomen fekk Ole frå byrjinga av 1900-talet sett opp ei rekkje hytter, og hyttedrifta vart ei viktig attåtnæring til gardsdrifta, som etter kvart sysselsette heile familien.

Galleri

Anne gjekk i "døs" (holingsdialekt for stakk) kvar dag fram til ho døydde i 1980, og var truleg ei av dei siste som gjorde det i Hol.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!