Toppseglskonnert

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 12:09 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:s» til «[[Kategori:S»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.

Ein toppseglskonnert (nynorsk/bokmål) eller ein toppseilskonnert (bokmål) er ei hovudsakleg sneiseglrigga seglskute med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.