Svidal krins
Svidal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsa dukkar fyrst opp i skuleprotokollane frå 1866. I ei omregulering av krinsane i Jølster i 1893, besto krinsen av gardane Svidal, Svidalstøl, Berg og Søsetslaatterne. Krinsen hadde då 27 born, men i 1894 kom det forslag om å overføre gardane Solheimsnæs, Solheim og Saarheim frå Ålhus til Svidal krins for å holde bornetalet oppe.[1] Dette var ikkje folka der nødge med og ba året etter om å "paa en eller anden Maade" bli lagt til Ålhus krins igjen, men fekk ønsket avslått av skulestyret. Ønsket vart gjenteken (og avslått) i 1895, med den advarsel om at "Børnene fra Saareim fra Nyttaar at bortvises fra Aalhus skule" - nok som tydar på at Saarheimgarden så langt hadde gått imot skulestyret og sendt borna til Ålhus likevel.[2]
I 1897 blei Svidal slått saman og underlagt Ålhus skulekrins.
Skulehus
Det vart benytta leide lokaler for skulekrinsa. I femårsmeldinga for Jølster folkeskole 1891-1895, står det fylgjande: «I Gjesdal, Svidal og Sognesand benyttes leiede lokaler – for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiven taaligt rum i forhold til barnetallet». I det siste året då skulen var i drift (1897), så blei den helde hos Anders Sjursen. Plan om eit skulehus i Svidal omtalast i skulestyrets møteprotokoll i 1895, men dette arbeidet fekk liten framgang.[3]
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
I 1891 skulle krinsen tilsette ein ny lærar. Den valde kandidaten takka derimot nei til posten, og ei melombels løysing vart at skulestyret lot kyrkjesongar E. Fosheim (lærar i Ålhus krins) ta over storskulen i Svidal, mens dotter hans, Dorthea, tok småskulen. Gardbrukaren Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus.[4] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Elias Fossheim bytta i 1894 krins, slik at han vart lærar i Svidal i staden for i Ålhus.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Skaar | Svidal | 1873 | 1877 | |||
Myklebust | Svidal | 1878 | 1879 | |||
Ludvig Fugle | 1860 | Svidal | 1880 | 1891 | Balestrand 1877 | |
Elias Fosheim | 1846 | Svidal | 1891 | 1897 | Stord 1870 | Kyrkjesongar |
Dorthea Kristine Fosheim | 1877 | Svidal | 1891 | Dotter av kyrkjesongar E. Fosheim. |
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918.
- Dagbok for Gjesdal, Hammar og Svidal skulekrins 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Svidal og Ålhus skulekrins 1891-1914. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal skulekrins 1866-18 7 7. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Ålhus skule og Svidal skule, 1892-1915 . Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Svidal skule, 1896-1897. Digital versjo n p å Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Gjesdal skule, Hammer skule og Svidal s k ul e, 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.