Skjervsfossen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skjervsfossen i Granvinelva ligg ved Skjervsvegen mellom Vossevangen og bygda Granvin i Voss herad. Han er ein av to fossar, som ligg tett i tett med eit samla fall på 150 meter. Det er lett å ta seg fram til det øvste fallet, som har ei høgd på omlag 50 meter.
Vegen gjennom Skjervet var fram til 2011 Riksveg 13. Då vart den 4080 meter lange Tunsbergtunnelen opna, og Skjervsvegen høyrer i dag til Turistveg Hardanger. På det vesle området kring fossebrinken er det stiar, trapper og ein rasteplass med toalett. Der vegen går i bru over elva, er det ein plass med rom for 3–4 bilar.
Kjelder
- Visitvoss.no: Skjervsfossen
- Wikipedia: Artikkel om fossen (bokmål)