Otto Olson Sperla
Hopp til navigering
Hopp til søk
Otto Olson Sperla (fødd ca 1660, død ca 1718) var frå garden Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han gifte seg kring 1682 med Kari Olsdotter (ca. 1664-ca 1730) frå Nedrelid. Dei budde på Kjærvik og Øvre Myklemyr før dei kring 1712 bytte seg til Sperla, og her budde dei resten av livet.
Dei hadde åtte born:
- Ole Ottoson, d.e. (1683-1752), gardbrukar på Mjølver
- Anna Ottosdotter, d.e. (1687-1741), gift med gardbrukar Hans Hansson på Alsmo i Luster
- Anna Ottosdotter, d.y. (1689-1774), gift med gardbrukar og klokkar Ole Knutson Grov
- Tøger Ottoson Snøtun (1700-1760), lensmann og gardbrukar på Snøtun
- Knut Ottoson (1703-1743), spelemann, ugift, døydde i Fortun, truleg under eit speleoppdrag
- Martha Ottosdotter (1708-1783), gift med gardbrukar Peder Andersson Fåberg på Nedre Fåberg
Litteratur
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-73. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 192. (Digital utgåve, NBdigital)