Bindal prestegjeld

Sideversjon per 16. sep. 2025 kl. 14:23 av Finnrind (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bindal prestegjeld''' var eit prestegjeld i Sør-Helgeland prosti i Den norske kyrkje. Det hadde same utstrekning som Bindal kommune. Hovudkyrkja var Vassås kyrkje. Bindal var i 1589 del av Brønnøy prestegjeld. Det var kyrkje på Vassås, og eit korshus på Sund i Vik sokn. Korshuset vart nedlagt i i 1643, og det vart satt opp ny kyrkje på Solstad. Bindal prestegjeld vart o…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Bindal prestegjeld var eit prestegjeld i Sør-Helgeland prosti i Den norske kyrkje. Det hadde same utstrekning som Bindal kommune. Hovudkyrkja var Vassås kyrkje.

Bindal var i 1589 del av Brønnøy prestegjeld. Det var kyrkje på Vassås, og eit korshus på Sund i Vik sokn. Korshuset vart nedlagt i i 1643, og det vart satt opp ny kyrkje på Solstad.

Bindal prestegjeld vart oppretta var kongeleg resolusjon 18. september 1815, ved at Nord- og Sørbindalen med Vassås og Solstad kyrkjer vart utskilt frå Brønnøy prestegjeld.

I 1885 vart det vedteke å bygge ny kyrkje for Solstad sokn på garden Holm. Solstad gamle kyrkje vart flytta til garden Lande i Tosen som kapellkyrkje for Tosen og Vassbygda.

Tosen kapelldistrikt vart i 1963 overført frå Bindal til Velfjord prestegjeld.