Brønnøy prestegjeld
Brønnøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje. Det har sannsynlegvis opphav i mellomalderen.
I 1589 hadde prestegjeldet fire kyrkjer og to korshus som tre prestar hadde ansvar for. Ein prest hadde hovudkyrkja Brønnøy kyrkje, og Naustvik korshus. Ein annan prest hadde ansvar for Vik kyrkje, Sund korshus og Vassås kyrkje, medan ein kapellan hadde ansvar for Gladstad kyrkje på Vega.
Sund korshus vart lagt ned i 1643, og Solstad kyrkje vart satt opp.
Vega prestegjeld vart eige pastorat som følge av reskript frå 1740.
Bindal prestegjeld (Vassås og Solstad) vart utskild i 1815, Velfjord prestegjeld (Naustvik) i 1875 og Sømna prestegjeld (Vik) i 1901.
Kjelder
|
| Artikkelen Brønnøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |