Øksnes prestegjeld
Øksnes prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Det har vore kyrkje på Øksnes sidan før reformasjonen. I 1589 låg Øksnes under Vesterålen prestegjeld, kor ein kapellan som residerte på Langenes skulle betjene Øksnes og Langenes kyrkje og eit krosshus på Tinden. Det vart eige soknekall i 1770.
I 1865 vart gardane Jørland og Verhalsen overført frå Øksnes til Bø prestegjeld.
Då prestegjelda vart avskaffa i 2004 var det to sokn i prestegjeldet, Øksnes og Langenes.
For ei oversikt over prestar som har gjort teneste i prestegjeldet, sjå Prester i Øksnes.
Kjelder
|
Artikkelen Øksnes prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |