Hemnes prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Korgen kyrkje frå 1863, bilete frå 2007
Foto: Sandivas

Hemnes prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

I 1589 var Hemnes eit sokn i Alstahaug prestegjeld. Dei nordlege delane av Alstahaug vart på 1730-talet utskild i to nye prestegjeld, Nesna prestegjeld (og kalla Ytre Ranen) og Hemnes (og kalla Indre Ranen). Hemnes skulle ha sokneprest på Hemnes og ein residerande kapellanMo. Delinga verker vere fastsett ved åpent brev av 30. mars 1731, stadfesta 12. desember 1738.

Ved kongelig resolusjon 19. april 1843 var prestegjeldet delt i to, Hemnes og Mo prestegjeld. I 1849 vart gardane Rundsvoll og Skogsmo overført frå Vefsn prestegjeld til Hemnes.

Ved kgl.res. 25. februar 1863 vart prestegjeldet delt i Hemnes sokn og Korgen sokn, Hemnes var hovudsokn og Korgen anneks. Samstundes var det gjeve tillatelse til å bygge kyrkje i Korgen.

I 1918 var borgerleiet Bardal (no i Leirfjord kommune) overført frå Hemnes til Nesna prestegjeld. I 1929 vart Hemnes sokn delt i to sokn: Hemnes, som tilsvara herredene Hemnes og Sør-Rana, og Elsfjord sokn, som tilsvara Elsfjord herred. Elsfjord sokn vart i 1965 overført til Vefsn prestegjeld.

Då prestegjelda vart avvikla i 2004 hadde Hemnes prestegjeld same utstrekning som dagens Hemnes kommune.

Kjelder


Artikkelen Hemnes prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.