Skjerstad prestegjeld
Skjerstad prestegjeld var eit prestegjeld i Bodø domprosti, Sør-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkje.
I 1589 var Skjerstad eit sokn under Salten prestegjeld. Soknet omfatta også Saltdalen. I 1770 vart Skjerstad eit eige prestegjeld, det vart og Saltdal prestegjeld.
Skjerstad prestegjeld vart delt i to sokn, Skjerstad hovudsokn og Fauske anneks i 1879. I 1902 var Fauske prestegjeld skild ut som eige prestegjeld.
Då prestegjeld som administrativ inndeling vart avvikla i 2004 var det to kyrkjer i Saltdal prestegjeld: Skjerstad kyrkje og Misvær kyrkje.
Kjelder
- Prestegjeld og sokn i Nordland på Digitalarkivet.
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|
| Artikkelen Skjerstad prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |