Ofoten prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Evenes prestegard i 1897. Så lenge Ofoten har vore eige prestegjeld har soknepresten budd på Evenes, før det var det kapellangård her.

Ofoten prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

I 1589 var Ofoten eit residerande kapellani under Lødingen prestegjeld, kapellangården låg på Evenes. Ofoten vart eit sjølvstendig prestegjeld i 1781, med Evenes som hovedsokn og Ankenes sokn som anneks. Då omfatta det heile regionen Ofoten.

I 1903 vart kjøpstaden Narvik frådelt Ankenes og etablert som eige sokn, og det vart vedtatt å byggje kyrkje i Narvik.

Den delen av Evenes herred og prestegjeld som låg i Troms amt vart i 1911 overført til Trondenes herred og prestegjeld.

I 1923 vart det tillete å vigsla eit kyrkjebygg i Ballangen på sørsida av Ofotfjorden, frå 1924 vart dette et eige sokn. Narvik var eige prestegjeld i 1929.

I 1972 vart Tjeldsund (Hol) sokn i Lødingen prestegjeld overført til Ofoten, samstundes vart Ankenes prestegjeld utskild som eige prestegjeld.

Kjelder


Artikkelen Ofoten prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.