Ankenes prestegjeld
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Ankenes_kirke_-_no-nb_digifoto_20151009_00209_NB_MIT_FNR_05156.jpg&width=400)
Ankenes kyrkje, bilete frå 1947-49.
Ankenes prestegjeld var i litt over 30 år eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Ankenes var opphaveleg i Lødingen prestegjeld, betjent av ein kapellan som budde på Evenes. Frå 1781 var Ankenes sokn anneks i Ofoten prestegjeld. Narvik sokn vart frådelt Ankenes i 1903, og Narvik prestegjeld etablert i 1929.
I 1972 vart Ankenes prestegjeld utskild frå Ofoten, og var eit eige prestegjeld til ordninga med prestegjeld vart avskaffa i 2004.
Kjelder
Artikkelen Ankenes prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |