Tysfjord prestegjeld
Tysfjord prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Tysfjord var opphaveleg del av Lødingen prestegjeld. I 1857 vart Tysfjord eige sokn, og i 1867 eige prestegjeld. Soknepresten budde på Tysfjord prestegard på Kjøpsvik, og Kjøpsvik kyrkje var hovedkyrkje for prestegjeldet.
I 1886 vart det vedtatt at det skulle byggast ny kyrkje i Kjøpsvik, og at den gamle skulle flyttast til Korsnes og nyttast som kapell der.
Då ordninga med prestegjeld vart avvikla i 2004 utgjorde Tysfjord prestegjeld samme område som tidlegare Tysfjord kommune, som sidan har blitt delt mellom Narvik og Hamarøy kommune.
Kjelder
Artikkelen Tysfjord prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |