Fauske prestegjeld
Fauske prestegjeld var eit prestegjeld i Salten prosti, Sør-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkje.
Fauske var i 1589 del av Salten prestegjeld, frå 1770 Skjerstad prestegjeld. Det var ikkje eige kyrkje her før Fauske kyrkje vart bygga i 1866. Fauske vart eige sokn i 1878, og eige prestegjeld i 1902. Fauske prestegjeld besto då av Fauske sokn og det nyoppretta Valnesfjord sokn.
Då prestegjeld som administrativ inndeling vart avvikla i 2004 var det tr kyrkjer i Fauske prestegjeld: Fauske kyrkje, Valnesfjord kyrkje og Sulitjelma kyrkje.
Kjelder
|
| Artikkelen Fauske prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |