Herøy prestegjeld (Nordland)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Herøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Herøy var i 1589 eit sokn i Alstahaug prestegjeld. I 1861 vart Herøy sokn utskild frå Alstahaug som eige soknekall, samstundes vart garden Nord-Sandvær overført frå Tjøtta til Herøy, og gardane Tenna og Andøya frå Alstahaug til Herøy.
I 1916 vart Nordvik sokn skild ut som eige sokn, og i 1962 vart Nordvik del av det nye Dønna prestegjeld.
Då prestegjelda vart avvikla i 2004 hadde Herøy prestegjeld same utstrekning som Herøy kommune.
Kjelder
Artikkelen Herøy prestegjeld (Nordland) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |