Hamarøy prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamarøy kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Torbjørn S. (2013).

Hamarøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje. Det omfatta i 2004 dåværande Hamarøy kommune,[1] og var del av Ofoten prosti.

I 1589 var Hamarøy eit residerande kapellani under Steigen prestegjeld. Mest sannsynleg vart Hamarøy eit eige soknekall i 1740.[2] I 1882 vart det vedteke å byggje ny kyrkje på Presteid. Den gamle kyrkja vart i 1885 flytta til garden Karlsøy på Finnøya, og ho vart kapell for området rundt Sagfjorden. I 1952 var det oppført eit kapell på Tømmerneset.

Då prestegjelda vart avskaffa som administrativ inndeling i Den norske kyrkje i 2004 var det tre kyrkjer i prestegjeldet. Hamarøy kyrkje, Sagfjorden kapell og Tømmerneset kapell.

Referanser

  1. Hamarøy kommune vart seinare utvida med områda sørvest for Tysfjorden, som hadde vore del av Tysfjord kommune og Tysfjord prestegjeld.
  2. Erlandesen oppgjev 1809.

Kjelder


align=right
Prestegjeld i Sør-Hålogaland bispedømme

Bodø domprosti: Bodin - Bodø domkirke - Gildeskål - (Kjerringøy) - Meløy - Rønvik - Saltstraumen - VærøyIndre Helgeland prosti: Grane - Gruben - Hattfjelldal - Hemnes - Mo - Nord-Rana - VefsnLofoten prosti: Borge - Buksnes - Flakstad - (Gimsøy) - Stamsund - Svolvær - VåganNord-Helgeland prosti: Alstahaug - Dønna - Herøy - Lurøy - Nesna - RødøyOfoten prosti: Ankenes - Ballangen - Hamarøy - Lødingen - Narvik - Ofoten - TysfjordSalten prosti: Beiarn - Fauske - Saltdal - Skjerstad - Steigen - SørfoldSør-Helgeland prosti: Bindal - Brønnøy - Sømna - Vega - VelfjordVesterålen prosti: Andenes - - Dverberg - Hadsel - Sortland - Øksnes


Artikkelen Hamarøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.