Lurøy prestegjeld
Lurøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Lurøy var i 1589 eit sokn i Rødøy prestegjeld med kyrkje på Lurøy og kapell (korshus) på Husøy i Træna.
I 1767 vart Lurøy og Træna utskild frå Rødøy, men slått saman igjen i 1774. Lurøy vart då eit residerande kapellani i Rødøy prestegjeld.
Lurøy med Træna vart igjen et eige prestegjeld i 1822. Gården Indre Onøya vart då utlagt til Lurøy prestegard.
I 1833 vart Selvær overført frå Rødøy til Træna sokn, i 1877 vart det oppretta ein hjelpekyrkjegard for Træna på Rødskjærholmen.
Då prestegjelda vart avskaffa i 2004 utgjorde Lurøy prestegjeld samme område som Lurøy kommune og Træna kommune. Det var tre sokn, Lurøy sokn. Aldersund sokn og Træna sokn.
Kjelder
|
| Artikkelen Lurøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |