Borge prestegjeld (Nordland)
Borge prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Borge kyrkje var opphaveleg del av Lofoten prestegjeld, med ein residerande kapellan ved kyrkja. I 1740 vart Borge eige prestegjeld, då Lofoten prestegjeld vart dela i tre: Buksnes prestegjeld, Flakstad prestegjeld og Borge.
I 1886 var det gitt løyve til å byggje kyrkje for Valberg sokn. i 1969 var Valberg frådelt Borge for i lag med Hol sokn, som vart frådelt Buksnes, å utgjere det nye Stamsund prestegjeld.
For oversikt over prestane som har gjort teneste her, sjå Prestar i Borge.
Kjelder
|
Artikkelen Borge prestegjeld (Nordland) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |