Berghald
Hopp til navigering
Hopp til søk
Berghald er eit bergverks- eller gruveteknisk omgrep som tyder dei massene av stein som etter skeidinga vart rekna som verdilaus - dvs. innhaldet av metall var ikkje stort nok til at det var rekningssvarande å vidarebearbeide den på den tida da den vart teken ut av ei gruve. Slike berghald eller gråbergshald vart liggjande utanfor gruvene.
Teknologiske framskritt kunne føre til at massene i berghalda vart vurderte på nytt, og omskeida. Da kan berghalden ved ei gruve bli nokså omrota.
Kjelde
- Brev frå Bergvesenet til Arnfinn Kjelland 08.11.1991, ref. BV utg. 718/91 BL/HBJ
- Oppslag ved Vindgruvene i Gruvlie i Lesja.