Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er eit teater i Oslo, som spelar på nynorsk og ulike norske målføre. Det blei grunnlagt som eit lutlag den 22. november 1912, med Hulda Garborg som første styreleiar. Skodespelaren Rasmus Rasmussen var den første teatersjefen. Fyrste framsyninga fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913.
Alt frå mellomkrigstida av vart teateret kjent som ei scene for samtidsdramatikk, nytolking av klassikarar og for sceniske eksperiment. Det er sidan følgt opp. På slutten av 1900-talet var teatret vide kjent for sine tolkingar av Samuel Becketts stykke, under regissøren Bjørn Endreson og skodespelarar som Bjarne Andersen og Tom Tellefsen. Teatret har også frå 1950-åra og til dags dato vore lengst framme i landet med ein annan type repertoar, nemleg musikalane.
Oppstarten
I eit par års tid før danninga av lutlaget hadde Det Norske Spellaget under leiing av Hulda Garborg turnert over store delar av landet med landsmålsstykke. Opningsframsyninga etter at teateret vart formelt stifta, fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913. Dei starta ein turne derifrå med stykka Ervingen av Ivar Aasen, Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg og Bjørnefjell av Olav Hoprekstad.
Den første framsyninga i Kristiania fann stad den 6. oktober 1913, Jeppe på Berget av Ludvig Holberg i Arne Garborg si omsetjing. Kongen var til stades ved opninga.
I tida etter åpninga var det teaterslag i gata utafor. Riksmålsungdomar prøvde å stogge framsyningane, men klarte det ikkje. Også seinare har teateret provosert ulike segment på ulike måtar. Fyrst på 1930-talet, under Agnes Mowinckel som instruktør, vart det kontroversielle Guds grøne enger framført, eit stykke som vart skulda for å vere blasfemisk. I 1948 kom sterke protestar da teatret framførde Peer Gynt på nynorsk med musikk av Harald Sæverud.
Tilhaldsstadene
I Kristiania/Oslo heldt Det Norske Teatret først hus i Bondeungdomslagets sal i Bøndernes Hus (1913-1931). I åra 1931-1934 var Centralteateret leigd for føremålet. Så var det ein ny periode i Bøndernes Hus 1934-1938 og på St. Olavs plass 1938-1945. Det vart innsett nazistisk leiing for teateret i åra 1942-1945, noko som førte til publikumsboikott.
I 1945 flytta så teatret til det tidlegare Casinos lokale i Stortingsgata 16, og vart verande der til den nye bygningen i i Kristian IVs gate kunne takast i bruk i 1985.
Eigedomstilhøve og organisering
På papiret er teatret i privat eige, som einaste større teater i Noreg. Men sidan Det Norske Teatret LL mottek om lag 100 millionar årleg i tilskot peiker staten ut fleirtalet i styret. Den største eigaren i lutlaget er Bondeungdomslaget. Mållag, ungdomslag og privatpersoner over heile landet eig òg luter.
Kjelder og litteratur
- Artikkel på nettstaden Allkunne
- Dalgard, Olav: Artikkel om Det Norske Teatret i Norsk allkunnebok, bd 3, Oslo 1951.
- Mal:WP-artikkel
- Larsen, Svend Erik Løken: Artikkel i Store norske leksikon