Erik Rudser
Hopp til navigering
Hopp til søk
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i ein mannsalder. Han var ein hugheil norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.
Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var var Johannes Gregoriussen (1830-1907), mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born.
Kjelder og litteratur
- Ættebok for Skjåk bd. I, Skjåk historielag 1946, side 204-205.